onsdag 2. juli 2014

Dikt: Ord over grind, av Halldis Moren Vesaas

Ord over grind

av Halldis Moren Vesaas


Foto: Trine Kvalnes



Du går frem til mi inste grind
og eg går óg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss ensam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjaldt oss to. 
Anten vi møttest tids eller sjeldan
var møtet tillit og ro. 

Står du der ikkje ein dag eg kjem
felle det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du. 

Så lenge eg veit du vil koma i blant
som no over knastande grus
og smile glad når du ser meg står her,
skal eg ha ein heim i mitt hus. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Løvetannen Der står den – vissen, men staselig nedsunket av himmelens dråper men som en fager krans av grå hår av erfaring av levd li...